Ved «Forskrift om eigedomsregistrering på Svalbard» er «Matrikkellova» og tilhøyrande forskrifter, med nokre tilpassingar, gjort gjeldande på Svalbard - der blant anna reglane om adresse- og bygningsregistrering gjeld innanfor Longyearbyen planområde.

Dette vil seie at alle adresseverdige bygg skal tildelast ei offisiell adresse, også fritidsbustadar utanfor vegsystema i byen. Det er difor naudsynt å opprette nye adresseparsellar for dei områda kor det ikkje allereie er etablert:

«Longyearbyen lokalstyre skal tildela alle gater, vegar, stiar, plassar og områder som vert brukt til offisiell adressering, eit adressenamn som er eintydig innanfor Longyearbyen planområde», jf. Matrikkelforskrifta § 51.

Har du forslag til nytt adressenamn?

Longyearbyen lokalstyre ynskjer forslag og innspel på adressenamn og avgrensing av adresseparsellane for følgjande områder – sjå også vedlagte kartskisser:

Område 1: Området innanfor delplanen for Foxdalen hytteområde. Området strekkjer seg frå foten av Breinosa der vegen opp til Gruve 7 startar, og gjeng vidare inn til Foxdalen.

Område 2: Området frå Førstehytta og Fivelflyene, og vidare sydaust nokre kilometer i retning Koslådalen.

Område 3: Området strekkjer seg frå hyttene i starten av Mälardalen og vidare til Revneset.

Område 4: Området innanfor delplanen for Vindodden hytteområde.

Innspela kan blant anna vera forslag til inndeling av adresseparsellar innanfor dei avgrensa områda vist i kartskissene, og adressenamn til desse. Det er blant anna naturleg å tenkje seg at ein vil dele opp området som strekkjer seg frå Mälardalen og vidare til Revneset inn i fleire adresseparsellar. 

Skrivemåten til adressenamna skal følgje retningslinjene for polare stadnamn gjeve av Norsk Polarinstitutt: https://www.npolar.no/kart/polare-stadnamn/#toggle-id-3 

Her kan du se adressering hytteområdene

Vidare saksgong

Longyearbyen lokalstyre samlar inn forslaga og innspela, og utarbeider nye adresseparsellar, kor skrivemåten til adressenamna vert sendt til Norsk Polarinstitutt og Sysselmesteren på Svalbard for uttale. 

Avgjerd om skrivemåte kan klagast på til Klima- og miljødepartementet av Norsk Polarinstitutt, Sysselmesteren på Svalbard og lokale organisasjonar med særleg tilknyting til adressenamnet, jf. Forskrift om eigedomsregistrering på Svalbard § 7.

Tildeling av offisiell adresse med adressenummer vert satt i gong så snart adressenamnet er vedteke. Det vert då sendt ut tildelingsbrev til registrerte eigarar av adresseverdige bygg innanfor dei nye adresseparsellane.

Send oss ditt innspel og forslag:

Innspel og forslag kan merkast med saksnummer 2023/1054 og kan sendast til Longyearbyen lokalstyre, Postboks 350, 9171 Longyearbyen, eller på e-post: post@lokalstyre.no 

Frist for innsending vert sett til 12.01.2024. 

Send oss gjerne ei skisse over korleis du meiner adresseparsellane skal inndelast innanfor områda vist i høyringa. Ta gjerne kopi av kartskissene, eller send ei førespurnad om kartskisse til ansvarleg for kart- og oppmåling på e-post: jostein.borve.hernes@lokalstyre.no