Kartbestilling

Longyearbyen lokalstyre har digitale kart over Longyearbyen og Longyearbyen planområde.

Det vert produsert ulike temakart, situasjonskart og kartutsnitt på grunnlag av høgde-, vatn-, og vegdata, bygningsdata og eigedomsgrenser frå Matrikkelen samt plandata og ledningsdata. Vi har også tilgong til blant anna data for kulturminner, skred - og flaumsone.

For å bestille kart kan du velga "Kartbestilling" under “Bygg og eiendom” i skjemaoversikten her.https://www.kartverket.no/eiendom/bestille-fra-grunnboken/hva-er-grunnboken

Matrikkel og eigedom

Matrikkelføring vert utførd etter data frå gjennomførd oppmålingsforretning, sammenslåing av eigedom og seksjonering. Bygningsdelen av matrikkelen vert førd etter data frå byggesak, samt ajourhald etter nykartlegging. Adresser vert førd i matrikkelen av Longyearbyen lokalstyre som adressemyndigheit.

Grunnboka er det offentlege registeret over tinglyste dokumentar for fast eigedom. Les meir om grunnboka her.

For grunnboksutskrift og eigedomsinformasjon sjå Kartverket si løysing Se eiendom
- Søk på eigedom på Svalbard må skrivast slik “2100-gnr/bnr/fnr”. 2100 er kommunenummeret til Svalbard.

 

Adresse og gatenamn

Adresser og gatenamn i Longyearbyen er bygd opp etter nummereringsprinsippa frå gruvegongane. Gatenamna har altså eit nummer som namn. Adressa vert tallet for gata pluss nummer for huset/bustaden. Eks.: Vei 230 06, der "Vei 230" er gatenamnet og "06" er husnummeret. 

Dette systemet samsvarer ikkje heilt med dei nasjonale standardane i Noreg, og det må forventast at dette kan by på utfordringar. Offisiell skrivemåte for adresser er med mellomrom mellom vegnamn og husnummer, der vegnamn er f.eks. "Vei 227" og husnummer er "1", som då vert "Vei 227 1". Det offisielle systemet brukar ikkje 0 foran tal under 10. Dersom det er bokstav i adressa vert bokstaven skrive rett etter husnummeret utan mellomrom, f.eks. "1A". 

Bruk LYBKart for oppdatert adressekart og adressesøk.